søndag 23. august 2015

Ein dag som dette

Oppå ein hau, med utsikt over heile byen, og med sola steikande i ryggen. Det er nett som om verda står stille; det er eit av dei augneblinka som du nesten ikkje vil ta innover deg, fordi du veit at idet du må reise derifrå så forsvinn den gode stemninga som rommer kvart fiber i kroppen. Når du sit inntil ein steinvegg og knaskar cashewnøtter og yogurtnøtter frå den vesle, blåe plastikkboksen du kjøpte på clash olshon i eksamentida fordi du vart lei av å gjere oppvasken kvar dag, og selskapet er eit stk bestevenn du ikkje har fått snakka med på altfor lenge. Praten berre går, og om den ikkje går så deler de den same, behagelige stilla som berre kan eksistere mellom mennesker som er trygge på kvarandre. Du tek deg sjølv i å smile fordi du for fyrste gong gjekk på tur i sportsbh og la att tskjorta i sekken, og du observerer alle dei andre menneska som sit på den same hauen, og som ikkje kunne brydd seg mindre om kva du har valt som turklede, fordi dei er for opptatt med sine eigne liv; sine eigne hundar, born, kjærestar.

Slitne bein som rusler på hard grusvei det siste stykket til bilen. Når begge drakk opp vatnet på toppen, og de held humøret oppe ved å snakke om hausten som vert hard, men overkommelig og humoren er svada, men likevel fin fordi ein veit at ingenting er meint negativt. Det er å kome fram til ein glovarm bil, sette aircondition på fullguffe, volumet på ipoden på maks og å snegle seg nedover svingete veger, stoppe for å prøve og klappe sauer langs vegen, og å kjøyre innom nærmaste beninstasjon fordi ein er nær dehydrering. Det er når ein seier snakkes og bildøra går igjen, og du set kursen heimover. Heimover til ein forsømt hybel og eit relativt tomt kjøleskap, vel vitande om at semesteret starter for fullt i morgon, og der framleis er ting du skulle gjort før du tok kvelden. Når kvardagen endeleg innhenter deg, og du sit i den litt mindre forsømte hybelen (fordi du rydda), gliser for deg sjølv fordi du veit at, i slutten av dagen, er det ingenting som slår ein litt småkaotisk kvardag, i eit stressande - men heidundrandes kjekt, stundine sitt liv.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar