tirsdag 25. august 2015

Ein lun mandag

Det er når du overrasker deg sjølv med å berre slumre forbi èi ringing, kjem deg opp, steller deg på badet medan du kokkelerer frokost, lunch og middag på kjøkkenet. Når du faktisk har god nok tid til å sitje og nyte det tårnet av ein frokost du har snekra saman, samstundes som du super til kaffien på termokoppen. Termokoppen fordi du veit at plutselig er klokka der, som den alltid er, og du har akkurat nok tid til å knyte på deg dei kvite sneakersane, kaste ytterjakka i sekken og snuble deg ut gjennom døra og bort til bussholdeplassen medan du febrilsk prøver å kjøpe billett via telefonen. Noko som plar fungere - alle andre dagar enn i dag.

Tre busser let du passere før du endelig bit sunnmøringen i deg og kjøper billett via sms; ti kroner i differanse når det gjeld kjøp av billett via telefon eller direkte ombord i bussen. Slikt er ikkje småtteri for ei gjennomsnittlig fattig studine. Det er faktisk ein heil first price nudlepakke. Når forelesinga du eigentlig var litt skeptisk til, viser seg å vere av stor interesse og du sit att med to fullskrivne A4 - sider på Word, og du klapper deg på skuldra medan stemma i hovudet ditt seier at sånn skal du halde fram ut semesteret. Det er ein sånn dag der du stopper og smalltalker litt med alle kjente du møter, før du opnar døra inn til lesesalen for å råtne opp der nokre timer før du skal på jobb.

Med blomsterskjørtet nr 253586 og dei rosa øreproppane, tek du sekken på ryggen og beina fatt medan du tusler deg avgårde på jobb. Fordi sola skin, og humøret er stabilt og fordi du kan. Fordi kroppen kan bere, og fordi du vil spare penger. 




Når dagens høgdepunkt er den vesle, søte jenta som seier at du var så fin på håret, og hadde fine øredobber, og du kjenner smilet breier seg både rundt andletet og hjartet. Når søvnmangelen innhenter deg og du kjenner at du har ete for lite og fått i deg for lite væske. Det er då det hjelp å ha ei mamma ein kan ringe når ein går heim frå jobb, berre for å syte litt om at ein er sliten, for å få i respons at det ordner seg, som det meste anna. Det er når nøkkelen går rundt på fyrste forsøk, og du berre kan sparke av deg skoa, pusse tennene og krype under dyna og å kjenne på kor godt det er, når dagen har vore innholdsrik, og sola varma heile vegen gjennom kroppen.

2 kommentarer:

  1. Hurra! Så flott å lese! Håper du har en like fin tirsdag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hihi, om vi ser vekk ifrå den snikande forkjølelsen, så var det ein ganske så fin tirsdag, og onsdag! ^^,

      Slett