onsdag 26. august 2015

Livet i praksis

er ikkje alltid som livet i teorien. Faktisk, så er det sjeldnast det. Fordi i praksis er livet, i undertegna si erfaring, alltid skiftande. For eksempel slik at noko som verka riktig den eine dagen, kanskje ikkje verka så riktig dagen etterpå likevel. Eller kanskje var det den tette nasa du ignorerte ei veke i strekk, og som på den tredje morgoen gir utslag i ei ikkje eksisterande stemme og ein kropp som kjennes ut som gelè. Eller var det seigemenn?

Når du kjem heim altfor seint, gløymer og legge telefonen til lading, og det resulterer i at du dagen etterpå står utan telefon før skuledagen eigentlig er i gong. Det er når du står der med is i magen og adrenalinet opp i halsen, medan du skal promotere deg sjølv for å få vere med i ei linjeforening som berre har vokse på deg dei siste vekene. Det er når du høyrer namnet ditt bli ropt opp og den vesle miniatyrversjonen av deg hoppar opp og ned i eufori over at du klarte det, og du kjenner roa senke seg over skuldrane.

Skiftande, alltid. Som når du innser at du held på å tre meir og meir inn i dei vaksne sine rekkjer; ordnar deg skap på lesesalen, fyller den opp med bøker, den himmelblåe koppen med kvite og turkisfarga blomar på som du fekk i bursdagsgåve, samt fleecepleddet og tøflene som er gode å rusle rundt i når hausten gjer sin entreè.
Eller når klokka er nærmare kveld enn ettermiddag, og du tek deg sjølv i nakken, bøkene frå skapet og fyller koppen med tè, set deg på den faste plassen din på den varmaste lesalen og plugger musikken i øyrene og forbereier deg til forelesninga du tenker du skal på i morgon, sjølv om den snikande feberen og den høglytte hostinga seier noko anna.

Eller kanskje det er når det i teorien kanskje burde vore tungt og slitsomt å sitje der, nesten åleine, ein stakkarslig onsdagskveld med boka på lesestativet, tekoppen i handa og musikken på øyrene, men du tek det sjølv i å kose deg der du sit. Sjølv om forma er laber og pepsi maxen er tom for køllsyre fordi du gløymte å skru på korka skikkelig, så sit du og daffer i den nye favorittgensaren med mikkemus på, den plommeraude buksa du arva frå ei venninne og eit spennande pensum.
Skjønt, det aller meste har ein slutt. Og når du ser at klokka bikker 8, og lyset på lesesalen slår seg oftare av fordi der ikkje er nokon som beveger seg i rommet er det som regel eit teikn på at ein burde gå heim. Når du kjenner at kjedsomheten tek overhand, og du tek deg sjølv i å fundere på kva du skal lage deg til middag ut veka - og at du defintivt burde handle inn og fylle opp det relativt halvtomme kjøleskapet i heimen. Kanskje det hadde vore digg med spagetti og heimelaga saus, eller burde ein kjøre taco-torsdag? Kvar dag er ein fest og greier, seier dei.

Når lyset slår seg av for ente gong, og du er på veg og tek hintet, for så å kome i snakk med den andre sjela som sit på lesesalen. Eit nytt bekjentskap rikare, og ein god halvtime seinare er ein endeleg heime, og feberen som før berre var snikande og ertande, har bestemte seg for å ha full fest. Det passa jo perfekt, med tanke på at det du eigentlig skulle ha på butikken, som var dopapir, var det du gløymte. Og idet du tek bilen fatt for å snegle deg nedover på butikken, gløymer du å svinge av på riktig avkjørsel og du finn deg sjølv i å liksågodt ta deg ein ekstra runde i rundkjøringa - berre fordi du er så glad i å køyre rundt og rundt. 

Det er når du endeleg kjem heim med dopapiret i handa, at du slenger frå deg skoa opp etter skoskapet, tek på deg pysjskjorta og poppar i deg litt febernedsetjande og snik deg under dyna og innser at du har gjort deg utilgjengelig heile dagen, for så og ta deg i å tenkje at eigentlig, så var det heilt greit. Heilt greit fordi det er godt å ikkje alltid vere tilgjengelig, men heller ta ting i sitt eige tempo, og heller la situasjoner utfalde seg på litt nye måter. Sånn, sidan er vorte vaksen studine, langt vekk ifrå mor og far, og må stelle og pusle rundt ein sjølv. Når ein er sjuk. Eller, ikkje sjuk, berre mindre oppegåande. 

‹‹When I start feeling sick, I stop being sick and be awesome instead. True story›› - Barney.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar