fredag 28. august 2015

01:44, natt til tjueåttande august

Når klokka som til vanlig verkar betryggande, plutselig vert din verste fiende fordi den minner deg om at klokka er altfor mykje, og søvnen altfor fråverande, og at dei to febernedsettjande tablettane du tok istad framleis ikkje har kicka inn. Når du ligg i den altfor store senga di med den èine foten under dyna, den andre oppå den andre dyna, den èine puta oppå ryggen og den andre plassert som ein ball under nakken. Når du kjenner at kinoen bak augelokka har begynt å snurre utan deg, og du banner høgt inn i deg fordi du så gjerne vil sjå den, men hostinga som ligg og modnar seg i luftveiane dine har andre planer; kvar gong du lukker augo er det som ein liten rakett vert avfyrt frå kvar si side ved ribbeina - skyt fart oppover heile systemet, heilt til det når utsida av leppene dine og du tek deg sjølv i å ligge i fosterstilling medan du høyres ut som eit gammalt menneske med ei alvorlig grad av kols.

Det er når lunchen du hadde gleda deg til å ete smaker plastikk, og favorittsjokoladen smaker gammalt brød at du gir deg over og tek til deg alle kjerringråda mamma har gitt. Når du slukner i seks tida ein torsdag ettermiddag, vakner i ditt eige basseng av svette og faenskap tre timer seinare og innser at nattesøvnen er det berre å gløyme. Heilt fram til favorittfilmen begynner å spele bak augelokka, og du hiver i deg alt av mirakelkurer berre for å få den med deg.

Når alt kjennes heilt forgjeves fordi du hadde glømt korleis det er å ha feber, så du ringer heim og klager til mamma for å få sympati og virtuell kjærleik. Fordi livet som studine ikkje nødvendigvis er så jævlig hardt at det gjer noko, men berre fordi det er lite som slår å ringe heim når ein kjenner seg pjusk, og ein elles ikkje har nokon som kan pusle rundt enn lenger. Sånn, fordi ein leiker vaksen, med studier, arbeid og andre vaksne greier. Og og og...  Berre, emneknaggar deg sjølv med livet som studine, ei natt i august, medan feberen syng old mcdonald had a farm, og mummitrollet og den mystiske hatten speler på lerret bak augelokka.

1 kommentar: