lørdag 29. august 2015

Kvardagsgleder

Det er når du ligg og pjusker deg i senga di, som du sikkert burde skifte på men er for lat til å gjere fordi du veit at det vil bli like ille til morgondagen igjen. Når du nettopp har lagt på telefonen etter å fått dagens symptai hjå mamma, og det plutselig står et smil uttafor døra di med en handlepose i handa og en god klem på lur. Det er når det er greit å vandre rundt i den oversiza onepiecen din, som ikkje er ein vanleg onepiece, men ein av dei kulaste disneyfigurane av alle tider, og den einaste responsen du får er ein mild latter og eit utsagn om at du ser søt ut, trass i at du kjenner deg som tidenes svamp på innsida. Du tek deg sjølv i å smile, fordi du tek deg sjølv i å innsjå kor heldig du er som har ein venn som du kan sende handleliste til, fordi du er i for dårleg form til å snuble deg på butikken sjølv, og ingenting i det nyoppfyllte kjøleskapet fristar, fordi alt smakar plastikk - og alt må tyggast.


Du veit du er heldig når du har nokon du kan tulle i fleire timar med, og som ikkje er redd for å gi deg ein klem sjølv om du er full i basiluskar og sveittehelvete. Når du ler til du hoster, og alt er greit. Det er når du står i døra og seier snakkes, samtidig som du kjenner på kor godt det er å ha nokon i livet ditt som bryr seg nok til å ta tid ut av sin eigen fridag, stikke innom både butikk og apotek, samt kome å sjå at du framleis lever, der du ligg i den vesle grotta di og hoster og harker, og mest hater litt på alt.

Det er når du ligg og syg på saftisen din, medan du ser episode 2383948 av how i met your mother på netflix, og telefonen plutselig ringer, og før du rekk å tenkje ein einaste tanke står eit anna fantastisk menneske uttafor døra di, med favorittsjokoladen din i eine handa, og blomsterbukett i den andre. Når du får endå ein god, varm klem og eit "bli frisk no då,  up top every day!", og du ser han snu på hælen og springe vidare til neste jobb. Han stakk innom på veg heim frå jobb - også berre for å sjekke at du var i livet, og har det greitt.

Yjup; det er når du står og snittar roser ved vasken, innser du ikkje har ein stor nok " vase" og ender opp med ei tom appelsinjuice-flaske og ein karafell, at du tek det deg sjølv i å kjenne at smilet i hjartet går heile vegen rundt. At du er heldig som har så fine mennesker i livet ditt; mennesker som stiller opp når ting er kjipe, som viser omtanke og vennskap, og som let deg vere deg, uavhengig om det er å vere ei energisk duracellkanin som flyg frå a til b, eller eit stk sliten, forkjøla studine vandrande rundt i ein oversized, blå onepiece, iført like oversiza tøfler på beina.

2 kommentarer:

  1. Karaffelen blei jo en fin vase, da :3 Når man først blir sjuk, er det jo greit at det skjer når man har så bra folk rundt seg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hihi, ja, eg liker karaffelen min godt. :3 absolutt! Eg er, i mitt stille sinn, litt overbevist om at det var det som gjorde susen for at eg no endelig er tilbake i toppform :D

      Slett